I HEART IT

Ja, så er eg heime etter ei fin og god langhelg i Oslo. Oslo var selfølgelig like fantastisk som alltid, og Førde like kjedelig å komme tilbake til som alltid. MEN, vi har jo tross alt ei ekstremt flott julegran, eit spaaandanes sentrum og ein rå, for ikkje å sei craaazy terminavslutning komande.
Uansett, Oslo var alt for fint, og eg kan rett og slett ikkje vente til eg skal flytte dit. Gatene ga sjukt julestemning, og på Egon spelte dei til og med julemusikk!!! Nej vä kosli.

Etter 2 netter på Rikshospitalet blei vi sånn ca kasta ut, men det gikk fint. Eg ville vere der lenger, meen, det får så vere. Eg griner på tanken av at eg til sommaren ikkje er ung nok for barneavdelinga. Fy faen det blir fælt, og eg meinar det. Det er så sinnsjukt koselig der att eg kunne budd på sjukehusrommet i fleire månadar.
Men, vi tok altså til takke med Thon hotel slottsparken (som gav meg flotte minner altså!!!) og bestilte eit vanlig rom. Men neida, var det ikkje ho Synnøve Førde som stod bak skranken?!! Åjooda. Ho kjente vi ikkje, men jammen høyrte ho dialekta og gav oss lik så godt ein suitte i 9'ende etasje.
HERREGUD(!) for eit rom, svær veranda og greier... blei dessverre ikkje brukt, MEN, det går fint. Bestilte pizza på rommet og sånne fine ting.

Utan om det flotte hotellet gjekk vi sjøølvsagt i butikkar, og eg kan med kniven i hjartet sei at vi i alle fall gjekk like langt som vi gjorde på Jotunheimstur!! Ryggen min er død, men det var verdt det. Det var så masse nytt, og, ja. Hang litt rundt med Christina Fraas og greier.

Ellers gikk vi selføølgelig på kino. TO kinoar. "Upperdog" og "Engelen". Engelen var fantastisk, og eg kan ikkje skjønne at eg ikkje hadde høyrt om den før! Den var så forferdelig(på ein fin måte, men trist som f) og i tillegg var den norsk! Det var jo for så vidt den andre filmen óg, men den her var virkelig bra. Anbefalast!!
MEN, nok om Oslo. No må vi snakke om notida. Eg har faktisk nettopp vore ute å trent & svetta så det griiiiner.....
TULLAAA!! Men joda, eg har trent, og svetta.... men ikkje som det griner. Trent ute har eg heller ikkje gjort. Poenget; eg har altså kjøpt meg eit nytt wii spill. Wii Active heiter det, og eg kan allereie no sei at det var verdt pengane! Kjøpt brukt for 99 kr, flotte greier. Fikk ros av den personlige treneren min så ofte at sjølvtilliten min steig til 1000. Og trenaren er ikkje så verst heller altså, det er ein MANN. (det var sjølvvalgt.........heheh)
Så, no er eg inne i eit 30 dagers treningsprogram. Lol, det hørtes proft ut. Men nei, det er ikkje eit spill altså, for fy faen så hardt det var(.... eg har jo pissekondis, såå)
Flott, sprek dame det der. (FANN IKKJE BILDE AV MANNEN MIN)
Cháo, no er det sengji.

(edit: om ingen kommenterar dette innlegget heller, så....så.. ja, så bit eg av meg tåa eller noko liknande)

3 kommentarer:

Sunniva sa...

ein kommentar slik at du ikkje bit av deg tåa.

Sunniva sa...

nei to1111

Helene sa...

Takk Sunniva! Eg var på veg til å bygge opp motet til å bite, men så flott att eg ikkje trengte det!