Vegas baby!

Ja, så ankom vi Las Vegas. Når vi kom var det dagtid, og det såg derfor ikkje såå kult ut. Men seinare på kvelden derimot... herregud! Akkurat som på film. Alt dei hadde bygd der var ganske så sjukt. Ein plass var Egypt, altså med sfinksen og greier. Ein anna plass var Paris, med eiffeltårnet og triumfbuen. Så var det Roma, New York.. og ja. Herregud! Dessuten var det ei svær berg-og-dalbane som var superlang og strakk seg gjennom fleire bygningar osv! Eg tok den dessverre ikkje...
Ballys! Absolutt det finaste hotellet eg nokken gang har vert på. Det låg helt perfekt til alt, mitt på the Strip. Vi var i 17 etasje elns, nokke som var nesten litt skummelt. MEN, uansett. Det var en laang rullebane heilt inn til inngangen, og når du kom inn så var det svære kasino der. Folk satt der konstant. Og eg må nesten sei at eg er glad for at eg ikkje bur der fast, eg hadde så vert blakk no.
Vidare innover kom eit innendørs svært kjøpesenter. Eg var omtrent 100% av tida overbevist om at vi gikk ute. Heile taket innendørs var laga som ein himmel. Altså, det er umulig å forklare. Uansett, så var det omtrent kun designerbutikka osv i Las Vegas. Alt var svindyrt.
Åh, den var så tjukk og mjuk att eg måtte holde den. En gang skal eg flytte til USA, få meg jobb som spekkhoggerinstruktør og ha et svært hus med fullt av øgler (?) og tamme ekorn. Det blir fint og koselig.
"Hmm... ka faen?" Eg vant jammen meg & det eg fikk ut var ein papirlapp. Lureri altså! Derfor måtte eg jo berre spille den opp óg. Artig artig.
Altså, man ser virkelig ikkje kor stort det "palasset" her er, men det var ufattelig stort!! Og heile greia var søren meg eitt shoppingsenter!!! Eg såg forresten på en dokumentar at Michael Jackson sin yndlingsbutikk var der inne. Handla som søren der han... eg fant ingenting! Eeh, kresne meg.
Eller, eg og Maria prøvde ein såkalla "leppeforstørrer-lipglos" der inne. Det svei & prikka skikkelig. Og JA, eg fekk store lepper!! Æsj. Maria kjøpte en då.

Vidare var det jo 4 Juli akkurat den dagen vi var der. Snakk om flaks!! EKSTREME mengder folk, fyrverkeri, boder, fulle folk & ungdommar. Kjekt kjekt kjekt. Eg skal så dra dit når eg blir 18.. eller kanskje 21! ... eller berre NO?
Alt i alt, fantastisk! Eg skal SÅ tilbake. Dei delte ut fult av gratis drinkar og.. åh. Dessuten dansa alle der, medan eg måtte henge med familjeen. Men kjekt var det uansett.

Såå, vidare til Grand Canyon!

2 kommentarer:

Sunniva sa...

det heiter "lip-plumper" bbaaaby!

Helene sa...

Søkt på guuugel eller?
Neida, menok, greitt å vite!