OG DER VAR LØRDAGEN FULLKOMMEN

og DET ordet har eg aldri brukt før.

Men ok, poenget: I DAG, altså no, fekk eg den fine overraskelsen om at alle (utenom ein) videoane eg bestilte frå platekompaniet + Prison Break var komt i posten! Fantastisk? Eeeja!
No skal me koosa oss altså!!! Så...akkurat no har eg null problem med at alle skal ut og ha det kjekt i kveld. For gjett kva, eg likar film og eg skal pokker meg ha det supert i dag eg òg. Eg har savna Prison Break, rett og slett.
Jajajaja, dårlig bilde og greier. Men eg lovte min kjære Sunniva å legge ut eit bilde av mine fine venar. Og eg lovte vel ein filmkveld òg, gjorde eg ikkje?
Hmm, eg gledar meg iallefall, sjølv om sikkert alle andre vil sei at det her var eit dårlig utvalg av filmar? Vel, eg velger ANBEFALTE filmar.... ikkje Bambi, Hannah Montana og grinande lavkostnad lovestoriez.

Ellers, har eg vert i sentrum med min kjære mamma i dag. Eg må innrømme at eg syns slike ting er fryktelig flaut - av en eller anna grunn. Rett og slett. MEN, ein positiv ting; man får kjøpt seg saker... UTAN å bruke eigne pengar. Fint, flott og fantàstico.
Så, i dag burde eg komt heim med ein fullstappa pose med kle, noko Jessica faktisk gjer(!!), men eg kjem derimot heim med 2 solkremar, 1 aftersun, ein koffert, SB12 og lørdagskoz. + ein nokså kjedelig grå databag. Eg oppdaga nettopp at den var rød inni. D'oh!

ELLERS, har min fine katt - Tinus, blitt dement. Iallefall i følge mamma. I dag innsåg eg det samme då han satte seg rett framfor bilen, medan regnet pøsa ned. Uansett kor mykje vi tuta, ropte og kjørte framover, rikka han seg ikkje. Andre vil kanskje sei at det her ikkje var så spesielt... MEN, då kjenner dokke ikkje Tinus.
For det første: han er ganske så redd bilar, livredd omtrent. Det betyr, at han vanligvis spring som ein gal når bilen kjem kjørande.
For det andre: så HATAR han regn. Dvs. at han alltid befinner seg under tak når det regnar.
Og for det tredje: han er begynt å sjå 100% merkelig ut.

Men fin er han.
Chào!



2 kommentarer:

Sunniva sa...

helene, eg griner!!!!! fordi dette var så morsomt altså.
TINUZ

og ååå <3<33<

Helene sa...

Seier du det? Hahahah.
Tinus er fin han<3583