OG DER VAR LØRDAGEN FULLKOMMEN

og DET ordet har eg aldri brukt før.

Men ok, poenget: I DAG, altså no, fekk eg den fine overraskelsen om at alle (utenom ein) videoane eg bestilte frå platekompaniet + Prison Break var komt i posten! Fantastisk? Eeeja!
No skal me koosa oss altså!!! Så...akkurat no har eg null problem med at alle skal ut og ha det kjekt i kveld. For gjett kva, eg likar film og eg skal pokker meg ha det supert i dag eg òg. Eg har savna Prison Break, rett og slett.
Jajajaja, dårlig bilde og greier. Men eg lovte min kjære Sunniva å legge ut eit bilde av mine fine venar. Og eg lovte vel ein filmkveld òg, gjorde eg ikkje?
Hmm, eg gledar meg iallefall, sjølv om sikkert alle andre vil sei at det her var eit dårlig utvalg av filmar? Vel, eg velger ANBEFALTE filmar.... ikkje Bambi, Hannah Montana og grinande lavkostnad lovestoriez.

Ellers, har eg vert i sentrum med min kjære mamma i dag. Eg må innrømme at eg syns slike ting er fryktelig flaut - av en eller anna grunn. Rett og slett. MEN, ein positiv ting; man får kjøpt seg saker... UTAN å bruke eigne pengar. Fint, flott og fantàstico.
Så, i dag burde eg komt heim med ein fullstappa pose med kle, noko Jessica faktisk gjer(!!), men eg kjem derimot heim med 2 solkremar, 1 aftersun, ein koffert, SB12 og lørdagskoz. + ein nokså kjedelig grå databag. Eg oppdaga nettopp at den var rød inni. D'oh!

ELLERS, har min fine katt - Tinus, blitt dement. Iallefall i følge mamma. I dag innsåg eg det samme då han satte seg rett framfor bilen, medan regnet pøsa ned. Uansett kor mykje vi tuta, ropte og kjørte framover, rikka han seg ikkje. Andre vil kanskje sei at det her ikkje var så spesielt... MEN, då kjenner dokke ikkje Tinus.
For det første: han er ganske så redd bilar, livredd omtrent. Det betyr, at han vanligvis spring som ein gal når bilen kjem kjørande.
For det andre: så HATAR han regn. Dvs. at han alltid befinner seg under tak når det regnar.
Og for det tredje: han er begynt å sjå 100% merkelig ut.

Men fin er han.
Chào!



EN GANG

Skal eg ha det så kjekt.

CRYSTALISED

Ja... så ka skjer med at heile Førde driv på med lekser? Eller er på jobb for den sags skyld.. Eg kjedar meg og veit at eg sånn egentlig burde begynne med lekser. Faktisk så har eg det ganske så fint på skulen no, JA, for helvetteskjemien er vekke. Herlig, ja?
Eg misunnar sterkt alle som befinner seg i USA akkurat no, og eg skulle virkelig ønske eg var en av dei. Det virka så ekstremt fantastisk. MEN, så er det tross alt berre TO år til eg er "ein av dei" då!!!!!! Så langt har eg drukke to koppar kaffi og høyrt gjennom albumet til The XX for mange gongar. Det er fint. Eg har forresten gløymt kva sol er, heilt seriøst. Kor mange dagar/mnd/år er det sidan sola stod på himmelen her i Førde? Herregud, NO viser klimaendringane seg ja.
Så, den her helga gikk så alt for fort! Bursdagen til Sunniva var ekstra koselig, og levde såklart opp til alle forventningar. Eg lærte i tillegg virkelig kva eit hardt liv vil sei! Åjada.. eg trur aldri eg har hulka så ekstremt i heile mitt liv! Eg takkar Jessica for trøst & kloke ord!!!
ELLERS!! skjer det absolutt ingenting spesielt. Utenom at eg i det siste har begynt å verdsette macbooken min endå høgare. Alt er så ekstremt lettare, som foreksempel Dreamweaver osv... herlich (??). Så, eg håpar at Sunniva om ikkje så alt for lenge får seg ein slik at vi kan ta bilder i litt høgare hastighet og chættte på iChat. Det kan bli så fint, så!
Koffor måtte alt vere så fint... ?

ÅÅÅH

MALENE ALTSÅ...

Ja, altså. Hva skal man si?
I kantinekøa i dag gjekk Malene berserk då ho såg at Piano yoghurten hadde fått ein "ny" type. Det her var virkelig fantastisk og berre MÅTTE kjøpast!! Det endte i tårer og snørr då ho innsåg at den nye yoghurten IKKJE innehaldt svære sjokoladebitar (som vist på pakningen), men derimot akkurat dei samme småkulene som før.
Vidare gjekk det i banning, sutring og forbannelse over Tine som visstnok hadde lurt ho trill rundt med nytt design. Ja, sånn kan det gå.



MEN, no gløymer vi det for den her gang... og så har vi lært å alltid sjekke pakningen om ordet "NEW" er trykt på.

No er det altså helg, og det skal jammen meg bli fantastisk. Eller ikkje? Joda, lørdag og søndag blir fine og flotte. Fredagen blir derimot kasta vekk med norsk skriving.
Ellers er alt toppers, sola skin og eg likar kaffi.

EIN FLOTT BLOGG!!!!

Og ja, du sjekke den ut. Dagens(årets) anbefaling er altså den HER bloggen!!! Trykk på HER for å sjekke den ut din teknofob!! (eller "MÅ", eller kanskje "Dagens" eller "sjekke" om du slit)


FØRDES MØTESTAD

Etter at eg altså hadde spist svære mengder middag, endå meir frukt og ganske så masse meir, fekk dei to tuttene her godsnakka meg til å vere med på Peppes. Eg og Sunniva ankom som alltid til heilt presis tid... medan vår kjære venn Malene, som altså hadde planlagt det heile, fortsatt sat heime i stua si. Ho hadde rett og slett missforstått alt, og var derfor i god gang med å lage vaflar til seg sjølv for å ha ein riktig så fin kosekveld aleine.

Eg og Sunniva viste ingen sympati, og sendte derfor meldingar som "Ta taxi ffs", "Gå NO", "Komt langt?" og "Ohveoe. Spring". Reine trusselmeldingane vil eg sei!

Det heile endte no opp med en riktig så koselig kveld, med Oreo Cake & to fantastiske Caffe Moccha!

... og alle legg vel merke til Malene sitt ny-opererte ansikt? 86932058293 kr, åja.
Neeida. Eg fjerna det rett & slett. Ikkje fordi eg ikkje syns ho såg nyydelig ut den kvelden, men rett og slett for å ikkje bli steina og hengt.

ÅJODA

Neimen jøss, eg bloggar igjen!

Ja, sidan sist har litt av kvart skjedd. Eller, det er tross alt Førde det er snakk om, så noko SÅ stort kan neppe ha hendt. Men, eg kan jo nemne eit par saker:
Eg har:
1. "Leika stratego".. (UTENOM gymmen)
2. funne ut at eg har fans i politiet.
3. Eg har fortalt visse ting til visse folk. Eheh, forstår? Ikkje? Neivel.
4. Eg har begynt å spise makrell i tomat. Fysj (på ein positivt måte).
5. blitt avhengig av visse ting. Neida, joda. Eg siktar her til Café Au Caramel altså. +++++
6. stemt (!!!!!) ... berre skulevalg-stemt dessverre. Dessverre?

og sist men ikkje minst:
7. Eg har skifta vekk kjemi-dritt-faget. Jesus, endelig. Og det her fører så klart med seg enda eit punkt:
8. Eg har fått meir fritid. Dvs at eg kan begynne å lage kuer slik som eg dreiv på i heile fjor. Eg har aldri vunne semester smaken, men, i år har eg eit håp. Sjølv om eg ligg bak med 103364 poeng.

Cháo!

ØYA 09

Herregud, eg er heime fra Øya og sommeren er over. Eg har rett og slett lyst å legge meg ned å grine. Snart gjer eg det òg. Det er virkelig fælt at det er 17 August om ein halvtime.

Øya var fantastisk, og det er ikkje tvil om at eg skal dra dit igjen neste år. Og då følger selfølgelig min venn Malene med - om ho vågar igjen. Så skal vi dra på Deli De Luca og kjøpte Caffe Moccha kvar natt. (Eg satsar og selfølgelig på at Sunniva heng seg på! Ja, for ho utgjorde jammen meg prikken over i'en) Dessuten skal eg stolt vise fram, til alles overraskelse, min 18-års-identifikasjon. Jihu!!

Det er klart det er regn her eg sitter. Ikkje at det ikkje var det i Oslo, men... det blir nokke heilt anna! I kjedelige Førde er det så kjedelig at man fryser nokke inni h**%#%(... i Oslo derimot. Man fryser i alle fall ikkje når man står tettpakka mellom folk rett framfor råe band altså.. åneida.
Ååh... Arctic Monkeys var, og er FANTASTISK. Eg trur eg må sei at det var den beste konserten på Øya altså.
Ellers var andre artistar som Lily Allen(!), Band of Horses(!), Mew(!), Crystal Castles(!), Asher Roth(!), Glasvegas(!), Madness(!), Vampire Weekend(!) og Røyksopp(!) fantastiske!!
Og ikkje nok med at Øya var brabrabra, så var og hovudstaden Oslo nydelig. Det fins virkelig ikkje finare plass, utenom California såklart... derfor blir det eitt år i USA etter vgs, så til Oslo. Garantert.

Ellers var Oslo turen med Malene ufattelig bra. Og jesus så mange rare ting som skjedde. Det burde vi sånn egentlig ha blogga om på hotellet. MEN!!!! Vi videoblogga då, og dei kan du sjå på; vifjasar.blogg.no. Genial adresse ja? JA. Og du ville aldri trudd det, men både Christina Fraas og Toroborgen har kommentert! FY FAEN. Eg og Malene har aldri vert gladare. Men neida, ikkje nok med det. FRANSIS!! la jammen meg videobloggen vår ut på sin blogg. Åjesus.
Så avsluttar vi med litt bilder (som forresten ikkje er mine) fra Øya 09. Etterkvert kjem det vel ein film til på H&M bloggen. Og kaaanskje kanskje legger Malene ut litt bilder på facer'n? Dokke får no håpe. Spikz.

Crystal Castles...wow. Fin er ho.

Asher Roth. Eg likte det!!

Lily Allen. Om eg skal kopiere ho en gang ja? Klart.

Röyksopp. Åååh.

I morra er det faens skule. Nye lærerar.. og eh, nye folk i klassen! Det kan bli spennande. Jøss.
Hadefint.

TIL SLUTT: Spotted celebrities :
- Bitten, Hotel Cæsar
- Chirag, Karpe Diem
- Toroborgen
- Fransis og Christina
- Viktoria Winge, Fritt Vilt
- Migrapolis programleder
- Førdeskuespiller
- Noor, paradise hotel
- Jan Eggum
- Aylar
- Riise
- Linniiie
- Ole, vennen til henke
- Talkiewalkie
- Larstangen
- Elenita og vanillascented

Æsjdama!!!

... dokumentar/rebellzz


xoxo
(Sjekk heller ut HNB3 på youtube! Større & bedre kvalitet)

Ågud, så flaut



Puss puss!
(Sjekk heller ut HNB3 på youtube... større & bedre kvalitet!)

Santa Cruz + Santa Barbara + LA igjen

Ja, fra San Francisco dro vi altså vidare til Santa Cruz, for så å dra vidare til Santa Barbara. Vi tilbrakte kun 1 dag på begge dei to plassane. Sov over i Santa Barbara altså, som var en utrulig fin plass! Hadde ikkje hatt nokke i mot å bu der nei...
Etter ein dag i Santa Barbara dro vi vidare til LA igjen. LA var så svært, att det rett og slett ikkje var nok med kun 4 dagar på begynnelsen av turen.
No fikk vi altså ta iFly (!!!!!), sjå Hollywood-skiltet, gå på Walk-of-Fame og handle meir. Jippi.
Han mannen var fantastisk. Og om eg hadde budd i LA, så skulle eg faen meg brukt alle pengane mine på iFly. Eg skulle blitt supergod altså! (..ikkje at eg ikkje VAR det altså, ehe)
Walk of Fame
Ellers skjedde uendelig mange ting. (Det opplevdas i allefall som uendelig mykje... eg bur jo tross alt i Førde)
Så, avsluttande; bilen som transporterte oss gjennom Uniten!!! Viktig altså. Fantastisk var den, og med ein ekstrem bass! Vi slår til med sepia for å, rett og slett, framheve bilen på best måte!
(Den var heilt blå altså...)
Så dro vi heim :(:(:(:(:(:(((:(((((((( ... FAEN.
Sint og trøtt, jaa? Ikkje nok med det, så spilte dei heilt for jævlig musikk på høgtalarane.
Så, Malene, gru deg til morningane i Oslo!!! Neida, skal gå så fint så.

San Francisco

Så, San Francisco... den finaste, koseligaste og mest fantastiske byen eg nokken sinne har vert i. Rett og slett. Og etter å ha sett gjennom alle bilda fra turen, har eg såtte opp den meininga at det nesten må bli her eg skal bu! ... og så skal eg selfølgelig ta ein 12 timers biltur til Los Angeles kvar helg!

Det einaste kjipe må vel vere at det er så sinnsjukt kaldt der. Man skulle vel ikkje tru det sidan det ligger i flotte Uniten, men jesus til det blåste. Det forklarer altså mitt nyydelige hår her! (Dessutan skylder eg på vinden for den litt dårlig plasserte fingeren på bildenr1)
Etter dei flotte hoppa og spretta dro vi rett og slett for å utforske den väkkkra byen. Og på vandringa fann eg meg ein særdeles kjekk mann. Blei rett og slett trollbunde av hans vakre, litt feite hake. Mmm. Skjønte forresten ikkje den greia med å kverke trynet mitt inn i dei svære hendene, men ok. Vakkert. Vidare fann pappa sin perfekte butikk... og eg fant min

Ein annan dag bestemte vi oss for å ta ein tur på nokke så spennande som "Exploratorium". Det var altså ikkje så artig. Eller, jo. Eller... Etter å ha vert på VilVite i Bergen (HA!), og ein prikklik greie i Paris, var det rett og slett ikkje så spennande lenger. Men enkelte greier var artige altså!! SOM for eksempel:

Det er merkelig nok våre hender som tar på hodene våras. Tenk på den duuu.

SÅ!!!! skjedde vel kanskje det mest merkelige på heile turen. Det var ein heeilt vanleg, iskald dag og vi sat å koste oss med ein nydelig kaffe frå Starbucks. Ok, eg gidder ikkje skrive det her som eit eventyr.
Det eg vil fram til er at eg faen meg blei oppdaga! Ja, EG!!! Der eg sat trøtt, i kledd grusom Venice Beach genser, lav hestehale og kroppen full av forkjølelse. Uansett, den ufattelig pene dama introduserte seg og fortalte at ho jobba hos FORD. Altså, modellbyrået. (og eg som aldri hadde hørt om det før... flaut) Vidare spurte ho ganske så mange spørsmål og til slutt blei vi enige om at eg skulle bli med ho opp på kontoret hennas og bli tatt bilde av. JESUS, så nervøs eg var. Eg skalv, og engelsken min... ja, den gikk ikkje så bra skal eg fortelle deg! Dessuten var dama så pen at eg rett og slett følte meg ganske forferdelig.
Slikleis såg altså enkelte delar ut der inne. Superfancy jaa.

Vidare tok ho sånn ca 84912085129085 bilder av meg frå absolutt alle vinklar. Eg fikk òg forklart at eg hadde veldig proporsjonale auger... nokke som visstnok var veldig positivt!!! Jøss.
Ho ville i tillegg ha bilder av meg i bikini, å herregud, ja. Og neeida, ikkje tru eg sa nei til det du... eg gjorde det søren meg!!! Eg har aldri vert så redd i heile mitt liv. Men det gjekk så greit så.

Uansett, etter den rare opplevelsen sa ho at eg kunne få gratis photoshoot i LA og greier. Om den blei bra, så skulle ho snakke med folk i Norge!! eeeeh.
Vidare skjedde diverse ting. Eg er rett og slett for dårlig på skrivefronten til å forklare heile hendinga skriftlig!!

Ellers;
Rotte oppå katt, oppå hund. Helt normalt, jaa.
Civic CenterCable Car altså... ååh, TENK å ha cable-car årskort <23444444444 Gaystreat. Fantastisk.Alcatraz
Chillin'... på en særs ubehagelig måte!!!
Hot hmm? Kanskje ikkje, men flinke var dei.
ÅJØSSENAMN! Ja, det kan man sei! Langt innlegg, eller hur?
Kjedelig kanskje, men det får så være.

Eitt ord; Fantàstico!!!!
Eitt bilde;

Grand Canyon

Eg trur aldri eg har vert så redd i heile mitt liv, virkelig. Det var så bratt og ekkelt att ... eg blei rett og slett kvalm. Fin opplevelse i ettertid, men når vi var der syns eg egentlig ikkje nokke om det. MEN, det er faktisk nokke av det sjukaste eg har sett.
Og gjett om det var varmt.. herregud! Iallefall over 45 grader. Dessuten var det umulig å få kjøpt seg nokke kald mat der. Alt som var mulig å få tak i var varmt fett, rett og slett!
Men fint var det!!
Tidenes kjedeligaste blogginnlegg? ja... Men kom igjen, eg har vert på en faens 3-dagers tur i JOTUNHEIMEN! Eg? Ja!!