AND HAVE A SPIN OF MY PROPELLER

Så... i dag er andre gangen på ikkje-så-lenge at eg har tilbrakt tida i Førde "sentrum" med mamma. Det gikk så fint så. Vi gikk på kafé og kjøpte to svære kakestykker og kaffé moccha. Og det her var altså mamma sitt forslag (!!!). Ho synst rett og slett at vi måtte ha ein avskjeds-date.. eller noko i den dur. Ellers kjøpte eg meg "nødvendige" ting, igjen. Og med nødvendige ting meinar eg f.eks reisetannbørste (HAHA), reiseSB12 (HAHA2), salt lakris, Coca Cola Vanilla (eg måtte... smakar den drit? Eg huskar ikkje, derfor), og evt. andre nødvendige reisesaker. Eg trur eg overdriver med det reisegreiene her altså.

MEN, eg har endelig komt i gang med pakkinga... noko som ikkje var lett. Men det kjem seg, pakkinga altså. Eg har på høg musikk, nermare sagt Sunniva si fantastiske spilleliste, og eg kosar meg rett og slett. I tillegg har eg snakka i fleire minutt med Tinus. Han viser seg berre meir og meir forvirra. Han snakkar konstant, eller mjauar om du vil. For min del er det her koselig, sjølv om mamma blir ganske så sprø av det til tider (i og med at dess høgre eg mjaurar tilbake, dess høgre skriker Tinus). ARTIG.
LOL bilde???E?E? Drit i det.

ELLERS.... må eg fortsette å pakke. Eg har haugevis med ting eg ikkje har pakka enda, og fult av diverse elektroniske saker som endå ikkje har nyopplada batteri.

Edit: Coca Cola Vanilla er fantastisk.

2 kommentarer:

Guro sa...

DET ER FANTASTISK!! KOR FIKK DU KJØPT DET I FØRDE?????

Helene sa...

SPAR!!!!!!!!!!! Eg skal ha meir.