DRUER ER FINT

No gjer eg lekser, det er kjipt. Rett og slett. Alle x-matte opg eg gjer, blir skreve rett av løsningsforslaga på internett... eg får det ikkje til.

Uansett. I dag har vert ein vill dag, virkelig. Eller, i allefall for meg og Martine på vegen heim. Vi tok ein rå sjangs med å forlate syklane våre på skulen (til tross for innbrudd og frost), for så å hive oss på bybussen. Vi ante fred og ingen fare då bussen starta motoren for å kjøre vekk frå sjukehuset. MEN SÅ.... skjedde det nokke litt for kult. Den bakerste (svære) døra lukka seg ikkje igjen!! Merka bussjåføren dette? NEI(!!). Så der kjørte vi altså mot slåtten.. 120 km i timen, åpa dør og med vind i håret...
nei ok, så romantisk var det ikkje. Men, døra var iallefall åpen! Det mest dramatiske var vel då ein passasjer i rundt 100 åra omtrent måtte slenge seg ut i fart når bussjåføren skulle "åpne" døra han trudde var lukka. Jøss, dramatisk.

Om vi ser bort i frå denne særs dramatiske hendinga, har eg ingenting anna å blogge om. Eller JO, ein ting. Om eg har rekna riktig, så blir eg altså 17 og eit halvt den 20 desember. Kor kult er ikkje det? Det bør feirast.

Og forresten..... sunniva es mi amiga:
Zøte Alf, som gir oss både grønne og lilla druer når vi må følge med i eit kvarter <3