WHAT CAME FIRST THE CHICKEN OR THE DICKHEAD?

Eg får lyst til å grine berre eg ser ut av vinduet... eg er søren meg komt heim til vinter. Det er rett og slett forferdelig. No har eg nettopp lagt inn omtrent 200 bilder fra Rhodos + haugevis med film. Eg savnar det, selfølgelig. Dessutan misunner eg Malene så ufattelig. Akkurat no er eg 100% sikker på at dei har gått opp på hotellrommet etter ein heil dag med 40 grader ved bassenget. Så dusjar dei, spiser snop, ser på Fashion TV (leeenge..) og deretter går dei for å spise fantastisk mat. Etter det, ja... då har dei det berre endå koseligare (MALENE, eg vil ha oppdateringar). ÅÅH, faen. Eg savnar 40-50 grader, å få saltvatn i nesa, å drikke brus konstant, å filme, å ta bilder, Jimmy T, engelsk, mat, Malene, JellyKelly/Joanne deFur, å steike, gjørmeskrubb, ekle menn, drinkar, underholdning, grekarar, lukta av solkrem, Arctic Monkeys-Humbug konstant i øyra (herlig & hekta), og ja... rett og slett alt. KLISJÈ (!!!), du treng ikkje fortelle meg det.
Eg trur ikkje det er nokken som har så lyst vekk frå Førde som meg. Eg lovar, ingen kan ha så ekstremt lyst. Tenk at eg faktisk elska Førde før, at eg faktisk var 100% sikker på at "HER skal eg bu"... veit du ka. Førde er trist. Eg vil flytte, NO. Og eg gledar meg som ein sau til eg skal flytte. Eg hatar ikkje Norge, virkelig ikkje. Oslo er jo fantastisk. Eg gjer meg sjølv deppa av å lese div. bloggar der folk er på fine plassar.

Ellers sit eg her aleine og høyrer på Sunniva si spotifyliste med ein kartong juice og sjokolade. Eg trøstespis... selfølgelig. Sånn egentlig har eg ei travel veke, med 3-4 prøver. MEN, dei går eg glipp av, i og med at eg faktisk drar til Oslo/Stokke på onsdag... endå meir reising. Men det får så være. Eg gruar meg.

Jesus så kaldt det er her... lurer på om det er kaldare på Island? Er det? Ganske sjukt at det "kun" er 11 veker til jul. Eg kjem ikkje til å få kjøpt ein dritt med julegaver. Skulle nesten ha kjøpt med 50 liter sprit frå Rhodos og delt ut. DET hadde vert litt av nokon julegavar det.
No skal eg sjå på film, koze meg, vere trist, vere sint, vere alt. Cháo.

Ingen kommentarer: