LINN next

Ja, no er eg ferdig med å sitte barnevakt! Ganske fint egentlig. 
Eg har faktisk passa to småtroll helt sida 5 i går! Uansett, vi har gjort masse rart vi .. som eg ikkje har gjort på årevis faktisk.
Leika lego & tegna sol og jente med kjole. Dessuten såg vi Tom & Jerry ( Ja, eg er så snill at eg er med på ALT, vertfall nesten alt, dei vil gjere på )

Men Tom & Jerry var nesten litt kos. For, eg huska kor stor "fan" eg var, om man kan seie det om tegnefilm.. Det er litt genialt egentlig.

Eg har faktisk alle dei ekte filmane av Tom & Jerry, unntatt to. Dei har alltid mangla fra samlinga mi (!!)
Så ring meg viss du.. 
Neidå, eg berre tulla.

NO skal eg ete middag .. og så skal eg bort til Linn. Det blir bra! Og kjekt!
Haha.. det blir faen meg surt & kaldt.

Chao!
(Eg trur eg skal bli spansktalande)

 


Ingen kommentarer: